Det er mange år sidan sist vi var i Brattvågen og song. Enkelte meiner det er meir enn 10 år sidan. Arrangementet vi deltok på no var julemessa til Misjonssambandet. Basaren starta tidleg på dagen og mykje folk var innom for både å kjøpe lodd og få seg kaffi og kake. Masse flotte gevinstar laga av lokale misjonsvener vitna om stort engasjement.

 

andr_i_aksjon.jpg.jpeg

 

 

Kl. 16.00 var det pause i basaren og vi entra scena med song og vitnesbyrd. Vi brukar vanlegvis å ha god tid til å stille lyd på førehand. Det fekk vi ikkje anledning til denne gongen men med ein god jobb av teknikkar André vart lyden rimelig grei likevel.

Laurdag 3. november kl. 18.00 var vi invitert til Skodje for å vere med på Nærradiomøte. Samlinga var i regi av Radio Sentrum. Torstein Walderhaug heldt andakt og hadde i tillegg ei interessant orientering om nærradioarbeidet. Kvartetten bidro med mykje sang og vitnesbyrd. Ein kjekk ettermiddag som blei avslutta med kaffi, kaker og drøs i bedehuskjelleren

FM101 er en nærradiostasjon med base i Ålesund. Sendetiden deles mellom Radio Sentrum (Sunnmøre Indremisjon), Norrøna Radio Ålesund og New Life Ålesund. Det sendes døgnet rundt. Dekningsområdet via FM-båndet er stort sett begrenset til Sunnmøre, men nå altså world wide via internett. Internettsendingen er foreløpig et prøveprosjekt som Victor Haram, teknisk ansvarlig i Radio Sentrum, har hånd om. Kvaliteten vil overraske deg  God fornøyelse

 

Klikk på Play for å lytte til FM101 Live

Radio FM101 Live