Søndag 25.mai fekk vi vere med på vårkonsert i Vigra Kyrkje ilag med Vigra og Valderøy Ungdomsmusikk og Godøy Brass. Det var Vigra og Valderøy Ungdomusikk som var arrangør og som hadde invitert oss.

Berge.jpg

 

I samarbeid med Sunnmøre Indremisjon og Si-REISER har vi laga til eit helgekonsept som vi har kalla "God Helg". Meininga er då at vi set av ei helg i ei bestemt bygd og har samlingar både fredag, laurdag og søndag. Denne helga på Berge Bedehus var såleis den første med dette opplegget.

 

Med ca 3 års mellomrom arrangerer Lions det dei frå i år av kallar seniorfest. Over 300 seniorar frå heile kommunen hadde funne vegen til Idrettshallen på Valderøya denne søndagen til eit flott, felles treffpunkt.

Lions i Giske hadde lagt alt til rette for ein fin fest,med mykje og variert program. Harald Grytten var hyra inn som konferansier og gjorde sitt til at festdeltakarane kosa seg. Det mangla heller ikkje noko på matserveringa, der dei diska opp med freistande smørbrødfat og nydelige kaker.

For oss kvartetten er dette ei sjeldan og heilt spesiell anledning til å få spreie ein himmelske bodskap, og tilbakemeldingane frå gjestane på seniorfesten er til stor oppmuntring for oss.

Takk til Lions for det de gjer for innbyggjarane i kommunen vår, takk for ein fin seniorfest og for at vi enda ein gong vart inviterte til å delta på festen.