Det er mange år sidan sist vi var i Brattvågen og song. Enkelte meiner det er meir enn 10 år sidan. Arrangementet vi deltok på no var julemessa til Misjonssambandet. Basaren starta tidleg på dagen og mykje folk var innom for både å kjøpe lodd og få seg kaffi og kake. Masse flotte gevinstar laga av lokale misjonsvener vitna om stort engasjement.

 

andr_i_aksjon.jpg.jpeg

 

 

Kl. 16.00 var det pause i basaren og vi entra scena med song og vitnesbyrd. Vi brukar vanlegvis å ha god tid til å stille lyd på førehand. Det fekk vi ikkje anledning til denne gongen men med ein god jobb av teknikkar André vart lyden rimelig grei likevel.

 

odd_rannestad.jpg

 

Odd Rannestad, Rektor på Vestborg Vid. Skule, heldt ei inspirerande andakt. Han tok oss mellom anna med inn i ein tenkt situasjon der guten som gav nista si til Jesus fekk med seg heim ei av korgene dei samla restane i. Han kunne då vise mora 1/12 av restane av fem brød og to små fiskar etter at meir enn 5000 menn hadde ete seg mette på dei.

 

 

Julemessa er eit årvisst arrangement som ambulerar mellom bygder i område. I år var det altså Brattvåg sin tur og neste år vært det visst på Vatne.

Takkar for ein fin ettermiddag i Brattvågen.