Etter ein 4 timars konsert laurdags kvelden med Gaithers, fekk ingen i kvartetten sjanse å ligge og dra seg søndags morgonen. Nei, klokka 11 på søndag formiddag stod kvartetten klar på sena på misjonshuset på Enebakk. Etter opning og velkomst stod vi for programmet med song og vitnesbyrd.

 

 
enebakk_velkomst.jpg
Helen Barbøl, svigermor til Sindre ønsket velkommen.
 

Det er alltid kjekt å kunne besøke nye plassar med Sangen om korset, ikkje minst å sjå kor folk lyttar og at vi når fram med bodskapen. Etter songstunda fekk vi servert mykje god mat før vi returnerte til Sunnmøre etter ei innhaldsrik helg for oss i kvartetten.

flagstadsalen.jpg

 Ramma for mens-vi-venta-arrangementet, som SI-reiser stod for, var Kirsten Flagstadsalen på Thon Hotell Opera.

 

Kring nydelege, festpynta bord var songvenner frå mange plassar i Norge samla. Vi i Valderøykvartetten fekk den gledelege invitasjonen å få vere med. Vi fekk ei fin og god songstund der vi fekk presentere dei fleste songane frå den nye CD-en vår + nokre frå den forrige.  Dei fleste frammøtte var nok ukjende for oss, men det var godt å kjenne fellesskapet og kunne samlast om songen om Jesus vår Frelsar. Ca. kl. 17 måtte vi runde av for å rekke Gaither -Homecoming i Oslo Spektrum.

 

 

Velkommen til web-butikken vår!

Her kan du kjøpe produksjonene våre og få varene sendt direkte hjem til deg. Klikk på handlevogna til høyre eller i menyen over for å gå til web-butikken.