flagstadsalen.jpg

 Ramma for mens-vi-venta-arrangementet, som SI-reiser stod for, var Kirsten Flagstadsalen på Thon Hotell Opera.

 

Kring nydelege, festpynta bord var songvenner frå mange plassar i Norge samla. Vi i Valderøykvartetten fekk den gledelege invitasjonen å få vere med. Vi fekk ei fin og god songstund der vi fekk presentere dei fleste songane frå den nye CD-en vår + nokre frå den forrige.  Dei fleste frammøtte var nok ukjende for oss, men det var godt å kjenne fellesskapet og kunne samlast om songen om Jesus vår Frelsar. Ca. kl. 17 måtte vi runde av for å rekke Gaither -Homecoming i Oslo Spektrum.