Søndag 9. november var vi inviterte til Søndag 18 på Emblem Bedehus. Der hadde dei laga til eit spennande opplegg med tanke på å skape Homecoming stemning. Det var dekka til med småbord og kaffi og twist. Istadenfor å stå på scena og synge var musikarane og sangarane flytta ned i møtesalen. Dette skapte ei tett og fin kontakt med forsamlinga og vi føte virkeleg at dette vart ein ekte Homecoming Happening.

I tillegg til kvartetten deltok ei forsangergruppe og det var lagt opp til mykje allsang. Det vart ein flottettermiddag med mykje gladsang.