14. juni hadde vi gleden av å besøke Valldalen med det glade budskap. Aslaug Småge i Valldal Indremisjon ilag med soknerådet hadde stillt Sylte Kyrkje til vår disposisjon. Det var fint å sjå at både bygdafolk og campingturistar møtte opp på konserten.
Den fine sommersettermiddagen la ei fin ramme om konserten i den flotte bygda. Vårt håp med konserten er at også det åndelege sollyset fekk slippe inn til dei frammøtte, gjennom sangen og vitnesbyrdet vårt.