Nesten 500 hadde funne vegen til Valderøy Bedehus denne kvelden for å få med seg Homeland Quartett frå Nashville Tennesee i USA. Og det vart ein festkveld vi seint gløymer - med ekte Homecomingstemning. Kvartetten, med legendariske Ben Speer i spissen, framførte songane med varme og utstråling som var heilt fantastisk. Og dei frammøtte likte tydeleg det dei fekk sjå og høyre.
I tillegg til Homeland Quartett deltok også Valderøykvartetten og Valderøy Ungdomskor. Spesiellt kjekt var det å ha med seg Ungdomskoret, noko også amerikanarane sette svært stor pris på.
Torstein Walderhaug heldt ei fin andakt med tema; "Guds kjærleik og nåde".
Konserten med Homeland Quartett var den siste av i alt 4 konsertar dei hadde på Norgesturneen sin.
Flere bilder fra kvelden:
Valderøy ungdomskor
Homeland Quartet
Samling i kjelleren etter konserten.