Siste åra har vi hatt tradisjon for at 1.helga i september er øvingshelg på den gamle prestegarden på Lepsøya. Og slik blei det i år også. Vi tek då med oss ektefelle og barn (den som har anledning til det) M.a.o. høg familiefaktor!
Prestegarden ligg fint til like ved sjøen og der er rikeleg med muligheiter for uteaktiviteter for barna. (og dei vaksne :) Og barna dei storkosar seg, både ute og inne. (som bilda viser) I år var vi velsigna med eit fantastisk fint ver med sol frå skyfri himmel heile helga.
På laurdag utnytta nokre av kvartettfruene det fine veret til å ta seg ein fjelltur, mens dei eldste barna var på snopetur til bygdas nærbutikk.
Ei vellykka helg ikkje berre øvingsmessig, men også sosialt og åndeleg. Vi gler oss alt til neste års øvingshelg !