vukkonsert.gif

 

Fredag 28.mars inviterte vi i lag med Valderøy Ungdomskor til konsert på Bedehuset. Mange hadde funne vegen til Bedehuset denne kvelden, og ei kjekk stund vart det med mykje fin og frisk sang. Ungdomskoret var i sitt ess denne kvelden med kraftfull og fin sang og flinke solistar, og høgdepunktet, i all fall for oss i kvartetten, var nok fellesnummeret der vi song acapellasangen ”Kanaan land” ilag.Vi må ta med at ungdomskoret og har mange faste medlemmar som ikkje bur her på øya. Desse, dei fleste frå Vigra, er og ein viktig del av koret.

Torstein Walderhaug heldt ei fin og inspirerande andakt der han m.a. peika på at sang og musikk har ein viktig funksjon i menighetsarbeidet.

Etter konserten var inviterte uned i bedehuskjelleren til kjellertreff til ei uformell samling, og denne fredagsvelden var de unge i fleire aldrar en vanleg som koste seg i lag.

Dette var ein fin kveld med gode tilbakemeldingar. Kanskje dette kunne bli ein tradisjon?

 

Etter invitasjon frå Kyrkjemusikalsk Råd med Richard Powell i spissen, skipa vi til konsert i Vigra Kyrkje den 17.februar. Om lag 175 personar hadde funne vegen til Kyrkja denne ettermiddagen. Ute var det både vindfult og kaldt men i Kyrkja var det varmt og godt og vi følte vi også fekk formidle litt av Gud Kjærlighet gjennom sangen vår.

 

Konserten varte i ca 90 min. og Kjartan bandt det heile fint isaman og gav også plass til enkle vitnesbyrd innimellom sangane i tillegg til eit par allsangar. Mellom første og andre avdeling hadde Ricard Powell  eit innslag på orgel der han spelte preludium og fuge i D-dur av Johann Sebastian Bach. Under konserten overrekte vi blomar til Odd Kåre Naalsund som takk for fin innsats på slagverket siste halvåret under Alexanders sjukefråver. 

prøvesending fra bedehuset

 

Bedehusradio