Stormarkering av at SI-reiser er 30 år. Presis kl. 16 starta jubileumsfesten i eit fullsett Spjelkavik bedehus med eit rikhaldig program,  med underhaldande innslag, song og musikk, prolog, premiering av jubilantar, historisk bildeframsyning og festtale. Dessutan vart det avsett god tid til julemiddag med påfylgjande kaffi og kake.  Etter all den gode maten fekk vi oppdraget med å avslutte festen med ein 45-minuttars konsert.

si_reiser.png

Det har gått ein del år sidan sist vi var på besøk i frikyrkja i Sula. Men på grunn av byggearbeid var gudstenesta i Sula Frikirke denne gongen flytta til Langevåg bedehus. Å synge i ellevetida ein søndag føremiddag kan ofte vere ei utfordring for nokon kvar. Men denne gongen viste det seg at det var vel tidleg på dag for teknikken. Ein gitarforsterkar takka nemleg for seg. Men heldigvis fekk vi ei hjelpande hand med gitarforsterkar av dagens talar Tor Rødseth.

Vi fekk ei god stund om Guds Ord med tale, song og vitnesbyrd. 11 kvartett-songar blei det plass til i denne gudstenesta. Det var kjekt å treffe igjen "kjentfolk" på Sulalandet (+ ein del nye) på kirkekaffen etterpå. Deretter bar det vidare til 30-årsfeiring for SI-reiser.

I ein stappfull Godøyhall, saman med 10 andre artistar, grupper og kor, var Valderøykvartetten med på å markere at bompengeperioden for fastlandsambandet over etter 22 år. Vel 10 min fekk vi til disposisjon, og to av songane vår fekk vi presentere. Vi er svært takknemlege for at vi fekk synge til så mange av sambygdingane våre, mange som ikkje hadde høyrt oss før. Og det er kjekt å få fleire gode tilbakemeldingar om at songen og evangeliet om Jesus Kristus har nådd fram.