Søndag 25.mai fekk vi vere med på vårkonsert i Vigra Kyrkje ilag med Vigra og Valderøy Ungdomsmusikk og Godøy Brass. Det var Vigra og Valderøy Ungdomusikk som var arrangør og som hadde invitert oss.
Både Ungdomsmusikken og Godøy Brass har høg musikalsk kvalitet og dei
var ei fryd å lytte til. For Ungdomsmusikken vart ettermiddagen også
avskjedskonsert med deira mangeårige og dyktige dirigent Odd Fossum. Godøy Brass har også ein dyktig dirigent i Ina Furnes.
Sjølv om
Kyrkja ikkje var fullsett denne ettermiddagen (noko det fine vårveret
kanskje kan ta eindel av skulda for) vart det ein fin og variert
konsert og med gode tilbakemeldinger frå dei som var der"