Utskrift

Berge.jpg

 

I samarbeid med Sunnmøre Indremisjon og Si-REISER har vi laga til eit helgekonsept som vi har kalla "God Helg". Meininga er då at vi set av ei helg i ei bestemt bygd og har samlingar både fredag, laurdag og søndag. Denne helga på Berge Bedehus var såleis den første med dette opplegget.

 

Helga starta med Vyborg-kveld på fredag med utlodning og lett bevertning. Jon Teigen og Johannes Stokke informerte i ord og bilde om Vyborghjelpa sitt arbeid. Vi song og Erik heldt andakt.

 

 

kvit_sektor.jpg erik.jpg

 

 

På laurdag var det Sanger på vegen. I tillegg til oss var det lokale koret Kvit Sektor med og song. Erik Furnes heldt ein appell. Helga vart avslutta med Sang- og musikkmøte på søndag, der vi song og Erik talte.

 

Kvartetten.jpg

 

God Helg arrangement vart ei helg med variert møteopplegg, ei oppmuntring både for oss som deltok og tilhøyrar, og ei god erfaring vi kan bygge vidare på til neste God Helg arrangement. Godt å vere ilag med forsamlinga på Berge Bedehus og dei som kom til frå nabobygdene. For oss i kvartetten var det og ekstra kjekt å få høyre igjen Kvit Sektor som vi har vore ilag med eit par gongar før på "Sanger frå Bedehusland".