Utskrift

Søndag 25.mai fekk vi vere med på vårkonsert i Vigra Kyrkje ilag med Vigra og Valderøy Ungdomsmusikk og Godøy Brass. Det var Vigra og Valderøy Ungdomusikk som var arrangør og som hadde invitert oss.

Både Ungdomsmusikken og Godøy Brass har høg musikalsk kvalitet og dei var ei fryd å lytte til. For Ungdomsmusikken vart ettermiddagen også avskjedskonsert med deira mangeårige og dyktige dirigent Odd Fossum. Godøy Brass har også ein dyktig dirigent i Ina Furnes.

 

Sjølv om Kyrkja ikkje var fullsett denne ettermiddagen (noko det fine vårveret kanskje kan ta eindel av skulda for) vart det ein fin og variert konsert og med gode tilbakemeldinger frå dei som var der"