Utskrift

Ein skikkeleg snøvinter med tendensar til vêromslag med varmegrader var den ytre ramma rundt mannsmøtet denne gongen. Inne var det fyrt på peisen, og med kaffi og kaker i tillegg, var ein heil flokk mannfolk klar til misjonsmøte kl. 16. Vi fekk gleda av å synge før og etter ein interessant og hjartevarm presentasjon av misjonsarbeidet i Mali.
Det er blitt bortimot ein tradisjon for oss å vere med på mannsmøta på Brusdalsheimen.

mannsmote_brusdalsheimen.png

moteleder_og_taler.pngVi har fått med oss mange fine og gode møtestunder i nærver av Guds Ånd. Ikkje noko unnatak denne gongen. Vi fekk synge for ei lydhøyr forsamling på festmøtet kl. 19 der Runar Landro talte.  Han gav oss ei talande samanlikning av  det menneskelege hjartet  og hjartet i overført og åndeleg tyding der Guds store kjærleik til oss står sentralt.

Etterpå var det sosialt samvær med kaffi og kaker der praten gjekk lystig rundt småborda.

Karl Arne Austense skriv dette om Mannsmøtet.