Utskrift

Tradisjonen tru stilte mennene på Vatne og Tennfjord bedehus seg bak årets store fest med ingrediensar frå havet, sjølvfiska eller kjøpt. Kreativiteten var stor både ang. rettar og utforminga av sjølve festbordet.

Lavterskeltilbod:

Intensjonen med Havets festbord er å lage eit arrangement med ei ramme og eit innhald som gjer det lett og kjekt å invitere venner, naboar, arbeidskameratar til. Det vert lagt vekt på at det skal vere kvalitet både på mat og underhaldning. Maten skal ikkje berre smake godt, den skal også sjå god ut. Havets festbord skal opplevast som ein fest for alle.

Med dette som bakgrunn kunne leiaren for festkomiteen ynskje eit fullsett bedehus varmt velkommen. Dette vart gjort med god hjelp frå heile komiteen iført oljehyre og sydvest der dei samla framførte velkomstsongen tonesett av trekspel og andre effektar knytt til sjøen.

 
Valderøykvartetten:

Valderøykvartetten hadde to avdelingar (minikonsert). Med sin friske, gode og evangeliske song, kombinert med personlege vitnemål, smaug dei seg inn i mange hjarte denne kvelden. At mange også hadde med seg ektefellar var kjekt. Kjekt å kunne samlast på tvers av bygdelaga og gle seg over alt det gode som Gud har skapt.

 

Festmat:

Det seier seg sjølv at når det vert arrangert Havets festbord då skal bordet bogne av gode og velsmakande rettar. Karfolka hadde lagt ekstra flid i at det skulle både sjå fint ut og smake godt. Av menyen kan nemnast: Fiskesuppe, kvalkjøttgryte, sushi, varme terter m/ulikt fyll i, reker, krabbe, kreps, krabbesalat, tørka kvalkjøtt, egg m/rogn m.m. Om det smakte? Superlativa var mange. Har dokke verkeleg laga dette sjølve?

 

Sosialt og samansveisande:

Det er ikkje få arbeidstimar som ligg bak eit slik arrangement, både i forkant og under sjølve arrangementet. Likevel sit mennene att med ei kjensle av at dette var veldig kjekt og samansveisande. Det å stå på kjøkkenet og lage mat saman, drøse litt og fortelje siste nytt, kombinert med gode smaksprøver undervegs vart for mange eit høgdepunkt i seg sjølv. At det venta rydding og oppvask til slutt vart nærmast som lommerusk å rekne. Det høyrer likevel med til historia at nokre ektefelle trødde til og hjelpte dei ”slitne” mennene i mål med oppvasken.

Sett frå arrangøren si side var dette eit vellukka arrangement som vi gjerne kan tenkje oss å prøve på nytt. At det vil gå nye 10 år til neste havets festbord er det ingen som trur på. Nei dette må vi ha neste år også var gjennomgangstonen. Stor takk til Valderøykvartetten som gledde oss med god sang og musikk.