Det
har gått ein del år sidan sist vi var på besøk i frikyrkja i Sula. Men på grunn
av byggearbeid var gudstenesta i Sula Frikirke denne gongen flytta til Langevåg
bedehus. Å synge i ellevetida ein søndag føremiddag kan ofte vere ei utfordring
for nokon kvar. Men denne gongen viste det seg at det var vel tidleg på dag for
teknikken. Ein gitarforsterkar takka nemleg for seg. Men heldigvis fekk vi ei
hjelpande hand med gitarforsterkar av dagens talar Tor Rødseth.
Vi
fekk ei god stund om Guds Ord med tale, song og vitnesbyrd. 11 kvartett-songar blei
det plass til i denne gudstenesta. Det var kjekt å treffe igjen "kjentfolk" på
Sulalandet (+ ein del nye) på kirkekaffen etterpå. Deretter bar det vidare til
30-årsfeiring for SI-reiser.