Eldrefest på Idrettshallen 30. mars

Med ca 3 års mellomrom arrangerer Lions det dei frå i
år av kallar seniorfest.

Over 300 seniorar frå heile kommunen hadde funne
vegen til Idrettshallen på Valderøya denne søndagen til eit flott, felles
treffpunkt.

Lions i Giske hadde lagt alt til rette for ein fin
fest,med mykje og variert program. Harald Grytten var hyra inn som
konferansier og gjorde sitt til at festdeltakarane kosa seg. Det mangla heller
ikkje noko på matserveringa, der dei diska opp med freistande smørbrødfat og nydelige
kaker.

For oss kvartetten er dette ei sjeldan og heilt
spesiell anledning til å få spreie ein himmelske bodskap, og tilbakemeldingane frå
gjestane på seniorfesten er til stor oppmuntring for oss.

Takk til Lions for det
de gjer for innbyggjarane i kommunen vår, takk for ein fin seniorfest og for at
vi enda ein gong vart inviterte til å delta på festen.

Hopp til verktøylinje